Hopp til innhold

– Få dei vekk frå vegen og ut i sola

Du har kanskje sett døsige humler på bakken i det siste? Dei er ikkje døyande, men kalde og svoltne.

Humledronning på asfalten

Har du funne humler på bakken i det siste? Det er dronningar frå fjoråret, og dei er ofte svoltne og kalde på våren.

Foto: Mathias Lunde Kristoffersen / NRK

– Det du ser er dronningane frå i fjor som har komme ut av dvale, seier Rune Aae, biolog og undervisar ved universitetet i Søraust-Noreg.

Humlene er tilbake, men no om dagen ligg mange av dei på bakken og ser slappe ut. Det kjem mellom anna av ein forseinka vår.

– Våren er sein i år, og det er lite blomster. Når insekt som er avhengig av nektar kjem ut for tidleg kan det bli litt trøbbel. Vi får håpe at blomstringa startar for alvor no som varmen kjem for fullt.

Hvalross-ekspert Rune Aae

Rune Aae er biolog og veldig glad i humler. Viss du finn dei på bakken no om våren kan du flytte dei til blomstrar og sol, særleg viss du finn humla på asfalten.

Foto: Daphne Steketee / NRK

Kva bør du eigentleg gjere dersom du finn ei humle som ser ut til å streve på bakken? Det kjem an på kvar du finn han, seier Aae.

– Viss du finn han på ein veg eller eit fortau, kan du flytte han ut i sola. Helsa bort til nokon blomstrar som har blomstra. Særleg perleblom er populært no på våren. Humler er kaldblodige dyr, så det viktigaste er at dei får varme.

– Finn du humla i skog og mark, er det best at du lèt ho vere. Dei finn sola etter kvart.

Ikkje gi honning

Det florerer av tips, råd og mytar om kva ein bør servere ei svolten humle i nød. Kva som er best, er heilt klart.

– Nektar er favoritten, så det beste er å flytte dei til blomstrar, seier Sigrid Bakken Døsvik.

Ho er dagleg leiar i La humla suse, ei ideell foreining som jobbar for å ta vare på humler og andre pollinatorar.

Sigrid Bakken Døsvik, daglig leder i La humla suse

Sigrid Bakken Døsvik, dagleg leiar i La humla suse, meiner det er ein dårleg idé å gi humler honning.

Foto: La humla suse

– Det går også an å gi vanleg, kvitt strøsukker blanda med vatn. Blandingsforholdet bør vere femti–femti eller litt tynnare. Server det gjerne på ein Q-Tip eller bomullsdott, så humla kan sleikje det i seg, men ikkje få det på seg og bli klissete.

– Men ikkje gi honning! Humler er bier, og ein del biesjukdommar kan spreiast gjennom honning, seier Bakken Døsvik.

Vent med hagerydding

Rune Aae er generelt bekymra for humlene, men ikkje på grunn av sein vår og svoltne dronningar.

– Det at vi menneske herjar så mykje og øydelegg habitata til humlene er det største problemet. Vi gjer så mykje med naturen at det knapt er plass til humla lenger.

Humle på lille blomst

Sultne humler vil ha nektar, derfor er det viktig å la løvetann blomstre om våren.

Foto: Jefftlloyd / Getty Images/iStockphoto

Men det er småting du kan gjere som hjelper dei lòdne pollinatorane, seier Bakken Døsvik i La humla suse:

– Vent med hageryddinga til litt seinare på våren! Humledronningane overvintrar gjerne i haugar av lauv, tørt gras og anna hagerot. Viss du ventar med ryddinga, rekk dei å vakne og komme seg ut og flyge.

– Sørg gjerne for at det er plantar tilgjengeleg tidleg òg. La løvetanna blomstre på våren, i tillegg til selje, krokus, hestehov, hassel og andre tidlegblomstrande artar!

Les også Venter mye bjørkepollen i år: – Bør starte på forebyggende medisiner nå

Bjørketre med store mengder rakler, som inneholder bjørkepollen.

Les også Følg fiskeørnene minutt for minutt

Fiskeørner i reir