Hopp til innhold

Thorkildsen fortsett som ordførar i Nittedal

Hilde Thorkildsen skal tilbake som Nittedal-ordførar 1. september, skriv Romerikes Blad. Thorkildsen har vore borte frå vervet som ordførar i to år fordi ho vart tiltalen for grov korrupsjon i samband med ei utbyggingssak i kommunen.

No er ho frifunnen, både i tingretten og i lagmannsretten, og i midten av juli vart det klart at Økokrim ikkje anka saka vidare til Høgsterett.