Hopp til innhold

Tiltala for ran og truslar

Rettssaka mot ein mann som er tiltala for ran og truslar i Oslo i fjor, startar i dag.

Mannen og to andre tok seg inn i ei leilegheit på Grünerløkka med to knivar og noko som skulle etterlikne ein pistol, og rana to personar for over 60.000 kroner.

Den tiltalte mannen skal også ha knivstukke personen som budde i leilegheita. Saka skulle eigentleg opp i tingretten i april, men vart utsett til i dag. Det er sett av to dagar i retten til saka.