Hopp til innhold

Harry Hole-utstilling på Nasjonalbiblioteket

Torsdag 9. juni opnar Nasjonalbiblioteket utstilling om den populære detektivserien av Jo Nesbø. I år er det 25 år sidan den første boka vart gitt ut, og i haust kjem den trettande boka ut.

– Harry har utvikla seg gjennom de erfaringane han har hausta i løpet av serien, og sikkert også ved at eg er blitt 25 år eldre, seier Jo Nesbø.

Serien er omsett til meir enn 50 språk og distribuert i 180 land rundt omkring i verda.

– Harry Hole har teke plass som ein litterær figur i vår moderne kulturhistorie, seier direktør for kulturformidling og informasjon ved Nasjonalbiblioteket, Eline Skaar Kleven.

Utstillinga skal stå gjennom sommaren, og ho håpar det kan gi utanlandske turistar ein god inngang til å lære om det norske samfunnet.

Flere nyheter fra NRK Stor-Oslo