Hopp til innhold

Etterlyser bil etter ran

Politiet ber publikum ta kontakt dersom dei har sett ein liten sølvgrå Volkswagen på Nesøya eller i Drammen tysdag ettermiddag. Bilen er truleg 10 år gammal eller eldre, og sannsynlegvis av typen Golf, opplyser politiet til VG. Dei trur bilen kan ha vore i Drammen fleire gongar i går ettermiddag. Politiet jaktar etter minst to ukjente gjerningsmenn etter eit væpna ran av ein kvinneleg næringslivsleiar og hennar vaksne son på Nesøya.