Hopp til innhold

Nynorsk redaktørpris til Øvrebotten

Magni Øvrebotten får Nynorsk redaktørpris. Juryen omtaler ho som framsynt og som ei sterk kraft for nynorsk mediespråk

Magni Øvrebotten
Foto: Nynorsk mediesenter

- Kjekt med pris. Eg er ikkje van med slikt, seier Magni Øvrebotten.

Tildelinga finn stad på Litteraturhuset i Oslo i kveld. Øvrebotten får prisen for framifrå innsats for nynorsk som mediespråk.

Dette seier juryen:

«Magni Øvrebotten har vore ei sterk kraft for nynorsk mediespråk i meir enn ein generasjon. Det er ho framleis. Gjennom ei redaktørgjerninga og som leiar for utdanning av journalistar som skal levera på nynorsk på alle plattformer, har Øvrebotten vore framsynt. Ho blir omtala som ”ein sta stubbebrytar” for nynorsken.

Med opprettinga av Nynorsk mediesenter i 2004, der ho har vore dagleg leiar sidan, har Øvrebotten gått føre i arbeidet for korleis ein kan utvikla nye talent til nynorskbrukande journalistar. Senteret er eit føregangstiltak som har danna modell for NRK FleRE i Oslo, som skal utdanna journalistar med fleirkulturell bakgrunn.»

Øvrebotten har ingen planer om å legge inn årene og kvile på laurbæra.

- Eg har tenkt å halde fram som sta stubbebrytar, eg trur vi treng det ei god stund til. Eg har i alle fall gjere mitt for å at vi skal ha eit godt utval av nynorsk-journalistar, seier Øvrebotten.

Øvrebotten starta som journalist i 1971 og i 1980 kom ho til NRK Sogn og Fjordane. I 2004 blei ho tilsett som dagleg leiar ved Nynorsk mediesenter i Førde.