Kva har Ariana Grande, Snoop Dogg, Ryan Gosling og Kendall Jenner til felles?
Dei har alle hasta til Paris for å bli med på den pågåande idrettsfesten, og dagens dressurfinale var på ingen måte fri for Hollywood-heltar.
– Det er kjempebra for sporten, seier Isabel Freese til NRK.
Søndag skreiv ho norsk OL-historie framfor stjerner som Ryan Gosling og Eva Mendes, då ho blei nummer 10 i dressurfinalen i Paris. Det var første gong i moderne historie at ein norsk ekvipasje har kvalifisert seg til OL-finalen i dressur.
Freese var svært fornøgd med at kjendisane var på plass:
– Det er gøy, for det blir bra fokus på sporten, meiner Freese.
PÅ PLASS: Ryan Gosling på søndagens dressurfinale
PÅ PLASS: Eva Mendes på dressurfinalen søndag
PÅ PLASS: Sharon Stone på søndagens tennisfinale
PÅ PLASS: John Travolta på søndagens tennisfinale
Fall framfor Tom Cruise
Og dressurarenaen framfor det mektige slottet i Versailles er på langt nær det einaste staden stjernene har dukka opp.
Særleg turnhallen har krydd av store namn, noko 17 år gamle Ruby Evans verkeleg fekk kjenne på.
FALL: Ruby Evans fall ned frå eit av apparata, rett føre kjendisane.
Foto: Hannah McKay / ReutersUnder kvalifiseringa fall nemleg den britiske tenåringsturnaren rett føre Tom Cruise, og resten av kjendiseliten.
– Hæ, eg visste ikkje eingong at dei var her, og no har dei sett meg tryne, sa ho til pressa etterpå.
– Det er stort, fortsette ho.
Superstjernene var der truleg for å heie fram USAs Simone Biles. Amerikanaren har skrive historie og stukke av med mange av overskriftene under det pågåande OL-et.
KJENDISMAGNET: Når Simone Biles er i aksjon i Paris er kjendisfaktoren høy på tribunen.
Foto: Hannah McKay / ReutersGLAD I BILES: NFL-spilleren Jonathan Owens var selvsagt på plass for å heie på kona i turnhallen.
Foto: Mike Blake / ReutersHEIA HEIA: Kendall Jenner applauderer sin landskvinne.
Foto: Paul Childs / ReutersARTIST: Ariana Grande var på plass på åpningsseremonien, og ville også få med seg Simone Biles i turnhallen.
Foto: LOIC VENANCE / AFPOVERKOMMELIG OPPDRAG: Skuespiller Tom Cruise er kjent fra blant annet Mission: Impossible-filmene, men å komme seg til turnhallen var mer overkommelig.
Foto: Hannah McKay / ReutersPOPULÆR: Tom Cruise var nesten like populær som Biles i turnhallen.
Foto: Athit Perawongmetha / ReutersARTIST: John Legend så Biles i Paris sammen med kona Chrissy Teigen.
Foto: Charlie Riedel / APDER DET SKJER: Bill Gates var sjølvsagt på turn.
Tok selfie med Snoop Dogg
Tilbake på dressurbanen er Freese open om at ho ikkje blir påverka noko særleg av å ha så store namn på tribunen, utover det at ho meiner det gir viktig merksemd til sporten.
– Dei siste to timane før eg byrjar å ri går eg inn i ein slags tunnel og er veldig fokusert på meg sjølv, så klart, seier ho, før ho erkjenner at kjendisnivået i Paris er meir enn ho er vand til:
– Det er ulikt frå stemne til stemne, men det er ein del fotballkjendisar og sånn, som har kjærastar eller koner som rir, men det her er ein klasse for seg.
FLAMME-SNOOP: Snoop Dogg fikk mye oppmerksomet da han bar OL-ilden. Det var bare starten på et innholdsrikt OL.
Foto: Aurelien Morissard / APGULL-SNOOP: Snoop Dogg med passende briller og jakke under åpningsseremonien.
Foto: Rebecca Blackwell / APSVØMME-SNOOP: Den amerikanske artisten avbildet i kommentatorboksen under svømmingen i Paris.
Foto: MANAN VATSYAYANA / AFPTURN-SNOOP: Snoop Dogg var en av mange som så Simone Biles konkurrere i Paris. Legg merke til den spesiallagde jakken.
Foto: Charlie Riedel / AP«HOT DOGG» : Snoop Dogg var godt innpakket og hadde med håndvifte da han bevitnet mennenes rullebrettfinale i Paris.
Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / AFPSANDVOLLEY-SNOOP: Snoop Dogg heiet entusiastisk på de amerikanske sandvolleyballkvinnene.
Foto: Dylan Martinez / ReutersALPELUE-SNOOP: Snoop Dogg stilte med alpelue da han gjestet judokonkurransen.
Foto: JACK GUEZ / AFPRYTTER: Snoop Dogg byttet alpelue med hjelp da han dukket opp på Versailles for å se dressurridning.
Foto: TT News Agency / ReutersDOGG MØTER HEST: Snoop Dogg fikk til og med fore en av de amerikanske hestene med en gulrot.
Foto: Lukasz Kowalski / ReutersJUBEL: Snoop Dogg var på plass da USAs fektere vant mennenes lagkonkurranse i florett.
Foto: Andrew Medichini / AP
Den amerikanske rapparen Snoop Dogg har vore på ei rekke OL-arenaer, inkludert dressurbanen:
– Hestepassaren min møtte han, og han eine som rir for India hadde fått selfie med han. Så han sa «ååå, sjå på dette her». Han var rett oppi vegen her, men eg fekk det ikkje med meg, dessverre, seier Freese.