Det seier Geithner i ein tale til IMF og Verdsbanken på årsmøtet i Washington i dag.
– IMF må utføre si rolle som overvåkar av det finansielle systemet, og det inkluderer å åtvare land som underrapporterer sin eigen valuta eller byggjer opp store overskot, seier Geithner.
Kommentarane var ifølgje nyhetisbyrået AFP retta mot Kina, men Geithner nemnde ingen land ved namn.
- Les:
Dollar i banken
Både USA og EU har tidlegare uttrykt misnøye med den kinesisk valutaen, som dei meiner har ein kunstig lav kurs.
- Les:
- Les:
– Ein av kjernefunksjonane til IMF er å strengt overvake den internasjonale pengemarknaden. IMF må spesielt styrke overvakinga av praksisen med oppsparing av valutareservar. Ei overdriven oppsparing vil føre til alvorlege forstyrringar i finansmarknadane, og vil hemme den internasjonale justeringsprosessen, seier Geithner.
Ferske IMF-tal viser at Kina har valutareservar på 2.447 milliardar dollar (14.000 milliardar kroner). Det er nesten 30 prosent av det som er tilgjengeleg i verda, ifølgje AFP.
Washington hevdar Kina kjøper store mengder dollar for å halde den kinesiske valutaen yuan kunstig lav, noko som forstyrrar den globale handelen ved å styrke kinesisk eksport.
Eksport - import
Geithner gjenok sine oppfordringar om å prøve å få den globale økonomien i balanse ved å auke etterspurnaden innanriks i staden for å eksportere og å spare i land som USA.
- Les:
- Les:
– USA gjer og vil fortsette med å gjere sin del i å målet om ein balansert vekst, seier han.
Han meiner at når USA sparar meir, må land som er altfor avhengige av eksport endre sin politikk, og at dette er spesielt viktig for dei landa som har ein markant undervurdert valuta.
– Om det ikkje skjer, vil den globale veksten avta, og det vil berre gjere ting verre for alle, seier Geithner.