Hopp til innhold

Vil ta frå kommunane makt i gruvesaker

Direktoratet for naturforvaltning (DN) vil fråta kommunane for ansvaret for gruveprosjekt for å unngå alle ekstrarundane om løyver eller ikkje løyver. Dei peikar særleg på prosessen kring Engebøfjellet i Naustdal.

Steinbrotet i Engebøfjellet

KAN BLI GRUVEDRIFT: I Engebøfjellet i Naustdal ønskjer Nordic Mining å starte omfattande gruvedrift.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Det er særleg striden kring ei mogleg framtidig utvinning av rutil i Engebøfjellet i Naustdal som uroar direktoratet.

Dei meiner at ekstrarundane kring sjødeponi i Førdefjorden kunne vore unngått med eit betre system for krav til utgreiingar i slike saker, skriv avisa Nationen.

Vil flytte ansvaret

DN vil ifølgje avisa be regjeringa flytte ansvaret for gruveprosjekt frå kommunane til ein statleg fagetat.

Dei meiner at kommunane gjer så godt dei kan. Men DN hevdar at kommunane ikkje har føresetnader for å gjennomføre svært tunge planprosessar.

– Vi ønskjer ikkje endelause prosessar og utsetjingar. Vi er heller ikkje imot all gruvedrift. Men prosjekta kan ha store miljømessige verknader. Vi ønskjer å leggje til rette for at det er prosjekta som har minst mogleg negative miljøkonsekvensar som får løyve. Difor må det stillast klare krav til kva som skal utgreiast i ein tidleg fase. Det bør vere like strenge krav til gruvesektoren som til dømes for vasskraftprosjekt, seier seksjonssjef i DN, Trond Simensen.

– Nokså tilfeldig

Han meiner innhaldet i utgreiingane dei får tilsendt ofte er for svake når det gjeld naturmangfald, friluftsliv og landskap.

– Kva som er utgreia kan vere nokså tilfeldig. I einskilde saker har det vore gjort ein god jobb, i andre ikkje. Men systemet sikrar ikkje kvaliteten, meiner Simensen.

Avgjerda om Nordic Mining får løyve til å starte opp gruvedrifta i Engebøfjellet ligg på statsråd Bård Vegar Solhjell sitt bord, og ei avgjerd er venta før jul.