Hopp til innhold

Jubeldag på europeiske børsar

Det var til dels kraftig oppgang på europeiske børsar i dag. I Paris var det ein oppgang på 5,46 pst, medan Oslo Børs enda opp 3,87 prosentpoeng.

Pilene peikar oppover på Frankfurt-børsen.

Solid oppgang på europeiske børsar i dag. Dette biletet er frå børsen i Frankfurt.

Foto: SONYA SCHOENBERGER / Reuters

London-børsen gjekk opp 2,87 prosentpoeng, medan hovudindeksen på Frankfurt-børsen viste pluss 4,6 prosentpoeng.

På Oslo Børs hadde Norske Skog ein framgang på 15,92 prosent. Statoil gjekk opp 2,95 pst, Yara steig 5,78 pst, Telenor 3,08 og DnB 4,17 prosentpoeng.

Nordsjøolje vart selt for 108,31 dollar då børsen stengde, medan amerikansk lettolje gjekk for 98,28 dollar.

Økonomisk hengjemyr

Årsaka til den positive utviklinga på børsane er truleg eit nytt håp om at leiarane for landa i eurosamarbeidet vil greie å finne fram til ein måte å kome seg ut av den økonomiske hengjemyra.

Det blir no knytt håp til at EU-toppmøtet 9. desember skal greie å kome opp med ein plan for vegen ut av krisa. Det går rykte om at Tyskland og Frankrike no diskuterer nye tiltak for å støtte euroen. Dette gjorde at euroen styrkte seg litt overfor amerikanske dollar i dag.

Det var i stor grad bank- og forsikringsaksjar som leidde oppgangen på dei europeiske børsane i dag.

– Ikkje overtydd

Men det var etter måten liten handel på dei europeiske børsane i dag, noko som blir tolka som eit teikn på at marknaden ikkje er overtydd om at europroblema snart kan vere over.

– Ein betydeleg oppgang i aksjekursane er usannsynleg, seier den tyske analytikaren Arne Cordes.

Også Dow Jones-indeksen og Nasdaq i New York gikk solid i pluss i dag. Dow Jones var opp 2,6 prosentpoeng ved stengetid, mens den teknologitunge Nasdaq gjorde et byks på 3,5 prosentpoeng.