Hopp til innhold

Festdag på børsane etter EU-avtale

Semja om ein europeisk krisepakke gjorde torsdag til ein festdag på børsane rundt om i verda. Oslo Børs gjekk opp tre prosentpoeng, medan Dow Jones i New York var opp 2,86 prosentpoeng.

Statsministeren i Hellas, George Papandreou.

Statsministeren i Hellas, George Papandreou, er glad for avtalen som reduserer den greske gjelda.

Foto: Vasileios Filis / Afp

Standard and Poor's 500-indeksen gjekk opp 3,43 prosentpoeng, medan den teknologitunge Nasdaq Composite gjekk opp 3,32 prosentpoeng.

– Problema ikkje løyste

Oslo var litt under nivået for dei fleste andre europeiske børsane. I Frankrike steig Cac-indeksen med 6,28 prosentpoeng, medan tyske Dax enda opp 5,24.

Professor Halvor Mehlum

Professor Halvor Mehlum trur ikkje krisa er over med dette.

Foto: Universitetet i Oslo

Dei nye økonomiske krisetiltaka som EU-landa vart samde om natt til torsdag har gitt Europa eit pusterom. Men ekspertar åtvarar om at dei grunnleggjande problema ikkje er løyste.

Halvor Mehlum, professor i økonomi ved Universitetet i Oslo, seier til NTB at avtalen stansar dei akutte problema, men at nye vanskar kan oppstå om ikkje Italia får orden på økonomien eller at greske bankar tapar store summar når delar av den greske statsgjelda blir ettergitt.

– Det er ein evig runddans der ein skuvar rekninga føre seg. Men til slutt må ho betalast, seier han.

LES OGSÅ: Trenger 8000 milliarder kroner – hvem tar regninga?

– Ingen tryllestav


Han får støtte frå Robert Zoellick, som er leiar for Verdsbanken. Han seier at den nye avtalen ikkje er nokon tryllestav som løyser alle problema.

– Eg håpar at dette første viktige steget kan føre til ei breiare tilnærming i arbeidet med å sikre ny vekst i økonomien, seier han.

Fleire store norske selskap la torsdag fram tal for tredje kvartal. Statoil la fram eit resultat som var 35,3 millionar kroner betre enn same periode i fjor, og aksjen var opp 2,54 prosentpoeng. Hydro steig 4,8 prosentpoeng, medan DnB gjekk fram 6,98 prosentpoeng.

Orkla var einaste selskap på Oslo Børs som enda i raudt. Årsaka er skuffande kvartalstal, med eit resultat før skatt på vel ein milliard kroner i underskot.

Oljeprisen steig til 11,78 dollar pr, fat ved børsslutt, ein oppgang på 2,87 dollar. Amerikansk lettolje gjekk for 93,25 dollar, opp 3,05 dollar.

LES OGSÅ: Jubel på verdens børser

LES OGSÅ: Stoltenberg fornøyd med bankpakken


.