Hopp til innhold

Nobelprisvinnar: En rominvasjon vil redde verdsøkonomien

Nobelprisvinnar Paul Krugman ser ei løysing på dei økonomiske problema i vesten. Dersom jorda blir invadert frå rommet vil økonomien endeleg få fart på seg.

Rominvasjon

Ein invasjon frå rommet vil få verda ut av dei økonomiske problema innnan 18 månader, meiner Paul Krugman. Her frå filmen World Invasion: Battle Los Angeles.

Foto: The Walt Disney Company Nordic

Paul Krugman

Paul Krugman vart heidra med Nobelprisen i økonomi i 2008.

Foto: HO / AFP

Nobelprisvinnar i økonomi, Paul Krugman, har lenge uttrykt misnøye med at den offentlege pengebruken ikkje har auka meir enn den har gjort sidan finanskrisa hausten 2008.

I eit intervju på CNN søndag kom han med eit scenario som ville auka pengebruken, og etter hans meining, fått verda ut av den økonomiske nedturen.

– Dersom me oppdaga at romvesen skulle invadere jorda, måtte me trengt ein massiv oppbygning av forsvaret vårt. Inflasjon og budsjettunderskot ville bli nedprioritert i eit slikt scenario, sa Krugman.

Over innan 18 månader

Han meiner at dette ville ført til at den økonomiske nedgangen ville vere over innan 18 månader.

– ...og dersom me då hadde oppdaga at «ops, det var ingen romvesen likevel», så ville økonomien vere betre enn før.

Krugman viste tilbake til Den Andre Verdskrigen, og korleis denne krigen fekk fart på arbeidsløysa etter Depresjonen på 1930-talet.

– Treng me Orson Welles, er det dét du seier? spør ein anna gjest.

– Det var ein episode av «The Twilight Zone» der vitskapsmenn ville oppnå verdsfred ved å skape ein falsk utanomjordisk trussel. Vel, denne gongen treng me det for å oppnå økonomisk stimulanse.

Å kaste vekk ressursar

USA/ Peter Schiff of Euro Pacific Capital speaks during the Ira W. Sohn investment research conference in New York

Den frittalande økonomen Peter Schiff er ikkje einig med Krugman.

Foto: LUCAS JACKSON / REUTERS

Paul Krugman sine utsegn har ikkje stått uimotsagt. Økonomen Peter Schiff, som er leiar for eit amerikansk investeringsselskap, slakter Krugman sine teoriar, og meiner ein fiktiv krig er å kaste bort ressursar.

– Å ta ressursar vekk frå investeringar me treng, som faktisk gjer livet vårt betre, og bruke desse ressursane på ein ikkje-eksisterande trussel. Korleis kan det få fart på økonomien?

Schiff meiner det er ein myte at krigar får fart på økonomien, og at det var først etter Den Andre Verdskrigen at Depresjonen verkeleg tok slutt.

– Dersom dette er det beste løysinga ein Nobelprisvinnar i økonomi kan komme opp med, er det eit tydeleg teikn på kor dårleg det står til med økonomien vår, sa Peter Schiff på radioprogrammet sitt.