Hopp til innhold

Kviknar du til like før leggetid? Slik klarer du å gå til sengs i tide

Løysinga kan vere å unngå å byrje med nye aktivitetar den siste timen før du skal legge deg, ifølgje søvnforskar.

søvn

Det kan vere lurt å prøve å slappe av den siste timen før ein skal leggje seg for å få ei god natts søvn, ifølgje søvnforskar.

Foto: Anette Torjusen / NRK

– Mange av oss gjer fleire ulike aktivitetar like før leggetid. Ein går ofte i gang med noko nytt til dømes etter at ungane har lagt seg. Det kan utsetje leggetidspunktet, seier Jelena Mrdalj i Bergen Stress and Sleep Group.

Hjernen blir «aktivert» av å gå i gang med nye oppgåver, ifølgje søvnforskaren. Det kan særleg gjelde b-menneske.

– B-menneske kan oppleve det fordi dei har ein døgnrytme som gjer at ein gjerne vaknar til på kveldstid, fortel professor og søvnspesialist ved Universitetet i Bergen, Bjørn Bjorvatn.

Fjern blått lys

Lys er den faktoren som påverkar døgnrytmen vår i aller størst grad og verkar aktiverande på hjernen, ifølgje Mrdalj.

– Dei fleste av oss blir eksponert for meir lys om kvelden enn det vi treng, gjennom telefonen eller pc-en. Det kan påverke både døgnrytmen og søvnkvaliteten, fortel ho.

Ein kan til dømes filtrere vekk det blå lyset gjennom innstillingane på telefonen.

– Blått lys kan ein tenkje på å filtrere vekk nokre timar før ein ønskjer å gå til sengs. Då gjeld det òg å tenkje på lysstyrken. Til meir intenst lys, jo meir vakne blir vi, seier Mrdalj.

night shift skjermbilde

Mange smarttelefonar har ei innstilling på telefonen som blokkerer ut blått lys.

Foto: Skjermdump / NRK

Unngå spennande eller skumle tv-seriar

Kva type aktivitetar ein tar føre seg påverkar òg kor trøtt eller vaken ein kjenner seg. For mange kan ein tv-serie eller film vere ein måte å kople av på før leggetid.

– Tenk over kva du vel å sjå på. Ein veldig spennande eller skummel film er i alle fall aktiverande, fortel ho.

Andre ting ein bør unngå er hard trening, for mykje – eller for lite – mat like før leggetid og koffein etter klokka fem på ettermiddagen, ifølgje søvnforskaren.

Poul Jennum, professor i klinisk nevrofysiologi ved Københavns Universitet, seier at det er ganske vanleg at nokre kjenner seg meir vakne på kveldstid enn andre.

– For å klare å falle til ro på kvelden gjeld det å vere aktiv i løpet av dagen, og unngå å jobbe på data like før ein skal leggje seg. Det er også viktig å unngå alkohol, seier han.

Så lang tid tar det vanlegvis å sovne

Dei aller fleste er korkje a- eller b-menneske, men noko midt i mellom, og klarer å sovne når dei først har lagt seg i senga, ifølgje Bjorvatn ved UiB.

– Dei fleste rapporterer innsovning på under ein halvtime, seier han.

Opplever ein å ikkje få til å sove og at det går utover kvardagen, bør ein oppsøke hjelp.

– Det kan vere veldig mange grunnar til at ein ikkje får til å sovne. Om det blir eit problem, kan ein få behandling gjennom til dømes kognitiv åtferdsterapi, fortel søvnforskaren.

TV og radio

Kikertvannet er en vegansk eggehvite som kan brukes i desserter

Sjekk hva du kan lage istedenfor

Datingappene selger deg drømmen om kjærlighet. Men de tjener penger på at forblir singel og ensom.