Hopp til innhold

Vitne til danske TV 2: – Gjerningsmannen var lys og nytta jaktgevær

Mahdi Al-Wazni fortel til danske TV 2 at han såg gjerningsmannen på omkring 200 meter avstand.

– Han var lys i andletet. Han gjekk i jakt- eller militærklede, seier Al-Wazni.

Hans eigne foto av gjerningsmannen viser ein kvit mann i grøne shorts. Han ber eit langt våpen, skriv danske TV 2.

– Han talte direkte til meg og sa at det ikkje var ekte, medan eg filma han. Han verka veldig stolt over det han gjorde, seier Al-Wazni.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no