Hopp til innhold

Vil ikkje lovfeste rettar til funksjonshemma

Eit fleirtal på Stortinget seier nei til å ta FN-konvensjonen om rettar til personar med nedsett funksjonsevne inn i det norske lovverket.

Det er Raudt som har fremma forslaget.

Konvensjonen er godkjent av Noreg, men ifølge innstillinga frå justiskomiteen vil verken Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre eller Framstegspartiet oppdatere lovverket.

Stortinget har behandla liknande forslag tidlegare, men det har aldri blitt vedteke.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no