Hopp til innhold

Viaplay utset kvartalsrapporten igjen

Det skriv strøymeselskapet i ei pressemelding. Kvartalsrapporten skulle fyrst ut i oktober, men vart forseinka på grunn av interne diskusjonar.

I sommar vart det for alvor kjent at Viaplay, nordens største strøymeselskap, har store økonomiske problem. I juli varsla det kriseråka selskapet at dei skulle seia opp over 25 prosent av dei tilsette, samstundes som dei vurderte å selja heile selskapet.

Nå vert kvartalsrapporten utsett endå ein gong, men det er venta at han kjem i morgon, skriv selskapet.

– Dette for å halda fram med diskusjonar med selskapets største aksjonærar, långivarar og obligasjonseigarar angåande potensiell rekapitalisering, skriv Viaplay i pressemeldinga.

Viaplay logo på skilt.
Foto: Gorm Kallestad / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no