Hopp til innhold

VG: Støttespelarar krev 8 millionar av Viggo Kristiansen

Terje Helland og Eivind Pedersen kjempa i fleire år for gjenopning av Baneheia-saka for Viggo Kristiansen. No krev dei 8 millionar kroner av han, melder VG.

Kristiansen har kravd nesten 90 millionar kroner i erstatning frå staten.

Han sona 21 år i fengsel før han blei frikjent i 2022 for drapa på Stine Sofie Sørstrønen (8) og Lena Sløgedal Paulsen (10). Dei blei valdtekne og drepne i Baneheia i Kristiansand 19. mai 2000.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no