Venstre klare for opposisjon
Venstre klarte å komme over sperregrensa,.trass i dårlege målingar tidleg i valkampen.
Partiet er sikra åtte stortingsrepresentantar.
Venstre-leiar Guri Melby trur mange stemte på partiet på grunn av klimasaka. Ho seier til NRK at ho vil bruke den neste perioden til å vere det leiande klimapartiet i opposisjon.
– Vi har tenkt å vere det leiande opposisjonspartiet på klima og miljø, og vise at alle dei som stemte på oss for den saka, skal få valuta for stemma.