Vatn og avløp vil koste meir
Utgiftene til vatn og avløp kan verte dobbelt så dyre dei neste åra. Ein rapport frå Sintef syner at det trengs investeringar på 332 milliardar kroner i kommunane fram mot 2040. Årsaka er mellom anna strengare krav frå styresmaktene for renseanlegg.