Valdelege samanstøyt

Minst ni menneske skal ha blitt drepne då fleire tusen tilhengarar av eit forbode islamistparti barka i hop med opprørspoliti i Pakistan.

Dei brutale demonstrasjonane i Lahore braut ut etter fredagsbønna med krav om at leiaren for det radikale partiet Tehreek-e-Labiak Pakistan (TLP) bli sleppe fri.

Ifølgje TLP sin talsperson er minst sju av partiet sine tilhengarar drepne og fleire hundre såra i politivald.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no