Vaksinen trygg for 5-11-åringar

Kliniske studiar viser at Pfizer og Biontech si koronavaksine er trygg og fungerer godt blant barn.

Vaksinen gav ein robust immunrespons hos barn i alderen fem til elleve år, ifølge selskapa. Barna får ei mindre dose, omtrent ein tredjedel, enn det vaksne får. Etter to dosar er vaksinen like effektiv som hos tenåringar og yngre vaksne, skriv AFP.

Selskapa vil søke godkjenning frå myndigheitene i nær framtid.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no