Hopp til innhold

USA prøver å få sett ny amerikansk fange fri

USA jobbar for å få sett fri Paul Whelan, som er dømd til 16 år i fengsel for spionasje i Russland.

Talsmann for Tryggingsrådet i Det kvite hus, John Kirby, fortalde dette på ein pressekonferanse etter at Russlands president Vladimir Putin opna for fleire fangeutvekslingar mellom dei to landa.

Torsdag blei den amerikanske basketballspelaren Brittney Griner sett fri frå russisk fengsel i bytte mot våpenhandlaren Viktor Bout, som var fengsla i USA.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no