Hopp til innhold

USA godkjenner motgift for opiodoverdose

På to tiår har over ein million menneske døydd på grunn av overdose frå opiodiar, viser tal frå amerikanske helsemyndigheiter.

I dag har US Food and Drug Administration (FDA) for fyrste gong godkjend ein motgift mot opioid-overdose, melder CNN.

Nasesprayen skal vere mogleg å kjøpe over disk, og er tenkt å hjelpe med å få ned talet på dødsfall.

– Godkjenninga vil gjere verkestoffet naloxone meir tilgjengeleg og bidra til å redusere opioidoverdosar i heile landet, sa FDA-sjef Robert Califf.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no