Hopp til innhold

USA følger med på protestane i Kina

USAs president Joe Biden følger nøye med på dei sjeldne demonstrasjonane i Kina, seier John Kirby, som er talsperson for USAs nasjonale tryggingsråd, melder AFP.

Dei siste dagane har det vore demonstrasjonar i fleire kinesiske storbyar mot dei strenge koronatiltaka i Kina.

Men Kirby vil ikkje seie noko om korleis Biden reagerer på krava til demonstrantane.

– Presidenten kjem ikkje til å snakke for demonstrantane. Dei snakkar for seg sjølve, seier han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no