Hopp til innhold

Ulykke under flyshow i Sveits

  • Ein død etter flykrasj i Sveits

    Den eine av dei to pilotane som var involverte i flykrasjet i Sveits kom seg trygt ut ved hjelp av fallskjerm. Politiet seier til Reuters at ein person er død som følgje av ulukka. Det er førebels uavklart om det er den andre piloten som har omkome.

  • -To fly styrta under show

    To fly skal ha styrta etter at dei kolliderte med kvarandre under ei oppvising i Dittinger i Sveits søndag, ifølgje nettavisa 20 Minuten. Det er førebels uvisst korleis det har gått med personane som var om bord i flya. Laurdag omkom sju menneske då eit fly styrta under eit show i England.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no