Hopp til innhold

Tusk: Drap på hjelpearbeidarar set forholdet til Israel på prøve

Angrepet som drap hjelpearbeidarar i Gaza set Polens forhold til Israel på prøve, seier den polske statsministeren Donald Tusk, melder Reuters.

Ein av dei drepne arbeidarane var frå Polen.

– Statsminister Netanyahu og ambassadør Livne, det store fleirtalet av polakkar har vist full solidaritet med Israel etter Hamas-angrepet. I dag set du denne solidariteten på verkeleg hard prøve. Det tragiske angrepet på frivillige og din reaksjon vekker ei forståeleg harme, skreiv han på X.

Netanyahu sa tysdag at angrepet var utilsikta, og at dette var ting som kunne skje i krigstid. Han sa israelske styresmakter ville ettergå det som skjedde.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no