Hopp til innhold

Tsjekkia: Kan ikkje ta imot fleire flyktningar

Den tsjekkiske statsministaren seier Tsjekkia ikkje lenger kan ta imot fleire flyktningar frå Ukraina, melder BBC.

Rundt 270.000 ukrainske flyktningar har kome til Tsjekkia sidan russiske styrkar invaderte Ukraina.

Statsminister Petr Fiala har tidlegare sagt at landet allereie held på å gå tom for ressursar.

Den tsjekkiske regjeringa planlegg å gje dei flyktningane som allereie har kome til landet langsiktig opphaldstillating.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no