Tsjekkia mistenker omikron-virus
I Tsjekkia er det oppdaga det som mistenkast å vere eit tilfelle av den nye koronavirus-varianten, omikron. Det er funne hos ein person som har vore i Namibia, ifølge AFP.
– Eit laboratorium sjekkar eit mogleg funn av eit positivt eksemplar av omikron-varianten. Vi ventar på stadfesting eller avkrefting av saka, opplyser ein talsperson frå det tsjekkiske folkehelseinstituttet.