Hopp til innhold

Trumps Truth Social-aksje til vêrs

På torsdag vart det kjent at selskapet Digital World Acquisition skal huse USAs tidlegare president, Donald Trump, sitt nye sosiale medium Truth Social. Aksjen til selskapet har stige nesten 150 prosent på børs fredag, skriv DN.

Det nye selskapet skal lanserast som Trump Media & Technology Group, og har sagt at målet er «å skape ein rival til dei liberale media og slå tilbake mot teknologigigantane i Silicon Valley, som har brukt si makt til å stilne motstridane stemmer i USA.»

DN skriv at planane vart lagt etter at Trump vart utestengt frå Facebook og Twitter tidlegare i år.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no