Hopp til innhold

Truleg ikkje fleirtal for Trudeau

Canadas statsminister Justin Trudeau kan halde seg til makta ved dagens val, men ser ikkje ut til å få parlamentarisk fleirtal. Det skriv Reuters.

I dag styrer Trudeau ei mindretalsregjering, og er avhengig av støtte frå andre parti for styre.

Trudeau leiar Canadas liberale parti og blei statsminister i 2015. Meiningsmålingane i forkant av valet viser at dei liberale er jamstore med det konservative partiet, noko som teoretisk sett gir Trudeau ein fordel, fordi dei kan samarbeide med sentrumspartia.

Valet blei utløyst då Trudeau bad om nyval i august. Planen hans var å auke oppslutninga slik at han kan styre vidare med eit fleirtal bak seg.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no