Hopp til innhold

Tre turgåarar er i god behald

Det har gått eit snøskred i Storlidalen i Oppdal kommune.

– Det er tre skispor som går inn i skredet. Vi har kontroll på personane som har gått i desse skispora, seier operasjonsleiar Wenche Johnsen i Trøndelag politidistrikt til NRK.

Det er stor skredfare i området, noko som medfører fare for å sende bakkemannskap i søk.

Politiet åtvarar folk om å gå på topptur i Oppdal.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no