Hopp til innhold

Tolv skadd under turbulens

12 personar blei skadd då eit Qatar Airways-fly frå Doha til Dublin blei råka av kraftig turbulens, melder NTB.

Naudetatane var på plass på flyplassen i Dublin da flyet landa like før klokka 13 søndag, melder Sky News.

Seks passasjerar og seks kabintilsette fekk skader. Skadeomfanget er førebels uvisst.

Tidlegare i mai blei ein drepen og mange skadde under ei flyging frå London til Singapore.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no