Hopp til innhold

Til sak mot 16 reisebyrå etter dødsfall under pilegrimsreiser til Mekka.

I Egypt har påtalemakta gått til sak mot 16 reisebyrå etter dødsfall under pilegrimsreiser til Mekka.

Over 650 egyptarar har dødd under årets hajj, nær alle var uregistrerte pilegrimar.

Statsministeren i Egypt har gjeve ordre om å inndra reisebyråa sine driftsløyve, og bede om at selskapa får bøter. Pengane skal gå til familiane til pilegrimar som døde, skriv AFP.

Dødsfalla kan sporast til selskap som har organiserte hajj-reiser med privatvisum. Slikt visum gjev innreise til Saudi-Arabia, men ikkje inngang til Mekka, den mest heilage staden i islam. (NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no