Hopp til innhold

Tidlegare tenestemann i Ukraina sikta for korrupsjon

Ein tidlegare høgtståande tenestemann i Volodymyr Zelenskyjs kontor er sikta for korrupsjon.

Mannen er skulda for å ha kjøpt eigedom og luksusbilar med pengar som ikkje var hans, melder AFP. Det er ikkje kjend kvar midlane var frå.

Ifølgje organisasjonen Transparency International er Ukraina eit av dei mest korrupte landa i verda, og var prega av korrupsjon òg før det vart invadert av Russland.

Zelenskyj har lova å nedkjempe problematikken, og har sparka ein rekke tenestemenn på grunn av skuldingar om korrupsjon.

Den skulda mannen kan få mellom fem til ti år i fengsel, viss han vert funne skuldig.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no