Hopp til innhold

Tidlegare næringsminister Odd Eriksen er død

Tidlegare næringsminister Odd Eriksen døydde natt til laurdag etter lang tids sjukdom, melder Avisa Nordland. Han blei 67 år gamal.

Eriksen etterlet seg sonen Mads Daniel Bjørkås, dottera Maia Eriksen og tre barnebarn.

– Vi er begge to utruleg stolte av han og alt han har gjort for fellesskapet og framtida vår. Det har vi vore heile livet, seier sonen til Avisa Nordland.

Eriksen var tidlegare leiar for Nordland Arbeidarparti og næringsminister frå 2005 til 2006.

Han vart kjend over heile landet då han var med på å overmanne kapraren på eit fly frå Kato Air i 2004, og avverja dermed at flyet styrta i nærleiken av Bodø.

På Facebook skriv Jens Stoltenberg at Eriksen kjem til å bli djupt sakna.

– Den modige mannen frå nord er død. Odd Eriksen såg alltid framover. Han var med på mange viktige politiske avgjerder som forma landet vårt.

Også statsminister Jonas Gahr Støre seier at han sender varme tankar til Eriksens nærmaste familie.

Odd Eriksen

Odd Eriksen (67) er død: – En mann som har satt spor etter seg

Trond Frantzen fra Narvik og Odd Eriksen fra Helgeland avverga en flystyrt i siste sekund i 2004. – Den modige mannen fra nord er død, skriver Jens Stoltenberg.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no