Hopp til innhold

Syklistar påkøyrde i Sverige

Ein bilførar har køyrd inn i ei gruppe syklistar på ein veg ved Järle i Nora kommune i Sverige, melder Sveriges Radio. Det skal vere snakk om eit tjuetals syklistar. To personar skal vere alvorleg skadde og er køyrde til sjukehus, opplyser Ola Olsson, som er vakthavande befal ved politiet i Bergslagen, til Expressen. Bilføraren er framleis på staden. Nora kommune ligg rundt 20 mil vest for Stockholm, i Örebro län i Midt-Sverige.

Politibil og brannbil på ulykkesstedet i Nora kommune i Sverige
Foto: Andreas Ericson / Sveries Radio

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no