Hopp til innhold

Sverige: Ein person pågripen etter bombetrussel på fly

Eit SAS-fly på veg frå Arlanda i Sverige til Vasa i Finland har blitt stoppa på grunn av ein bombetrussel om bord i flyet, melder Vasabladet.

– Politiet blei kontakta av ein flykaptein etter at ein passasjer sa at han hadde ein farleg gjenstand. Han er identifisert og det er konstatert at han ikkje hadde ein farleg gjenstand, seier talsperson frå politiet Towe Hägg til Aftonbladet.

Til Vasabladet seier politiet at bombetrusselen var ein spøk, men at passasjerane måtte forlate flyet for sikkerheits skuld.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no