Hopp til innhold

Svensk 15-åring tiltalt

Ein 15-åring er tiltalt for drapsforsøk og truslar etter at han gjekk til åtak med knivar og ein pistolliknande gjenstand på ein skule i Eslöv i Skåne i august.

I ei pressemelding fredag oppgir påtalemakta at guten var inspirert av andre skulemassakrar, og at han filma hendinga.

Guten var maskert då han kom til skulen. Han knivstakk ein lærar nesten omgåande og trua deretter medelevar og anna personalet før han vart arrestert.

Han er no tiltalt for drapsforsøk på læraren, og dessutan truslar mot elevar, andre skulepersonale og ein politimann. Eit mogleg motiv kan ha vore eit ønske om å krenkje ei folkegruppe på grunn av rase, hudfarge, nasjonalt eller etnisk opphav, tru eller seksuell legning, ifølgje tiltalevedtaket.

15-åring gjekk til åtak med knivar og ein pistolliknande gjenstand på ein skule i Eslöv i Skåne i august
Foto: Johan Nilsson / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no