Studentkrav til ny regjering
Norsk studentorganisasjon, NSO, har levert ei rekke krav til den nye regjeringa, melder NTB.
Dei krev blant anna auka studiestøtte, fleire studentbustader og førebyggande tiltak for psykisk helse.
NSO ber også om ei stortingsmelding om studenthelse.