Store demonstrasjonar i Georgia

Titusenvis av georgiarar samla seg torsdag i hovudstaden for å krevje lauslating av den fengsla ekspresidenten og opposisjonsleiaren Mikheil Saakashvili.

Ifølgje AFP deltok fleire enn 50.000 menneske. Politi var på plass utanfor parlamentsbygningen i forkant av protestane.

Saakasjvili var Georgias president frå 2004 til 2013. Han vart arrestert og fengsla i byrjinga av oktober då han kom tilbake frå eksilet sitt i Ukraina.

Den 53 år gamle grunnleggjaren av Georgias viktigaste opposisjonsparti sveltestreikar no i fengselet. Legar har uttrykt uro for at helsa hans blir forverra.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no