Hopp til innhold
Los Angeles bombetrussel
Foto: Richard Vogel / Ap

Stengde skular i Los Angeles

Oppsummert

643.000 elevar ved 1200 skular er ramma av stengde skular i Los Angeles-området på grunn av ein bombetrussel.

  • Skulane opne igjen i Los Angeles

    Alle skulane i Los Angeles-området er i normalt i drift, etter at 640.000 elevar i går vart sende heim fordi det vart sett fram truslar. Den endelege konklusjonen var at trusselen mest sannsynleg var ein bløff.

  • - LA-truslar truleg ein bløff

    Fleire lokale tenestemenn i Los Angeles seier at truslane mot skulane i byen og området rundt truleg var ein bløff. I e-posten heiter det blant anna at 32 jihadistar er klare til å gå til angrep mot skular i området.

  • - Truslar om bruk av skytevåpen

    Politisjefen i Los Angeles, Charlie Beck, seier at e-posten med truslar mot skulane i området inneheldt truslar om bruk av skytevåpen og eksplosiv. Han seier at truslane vart sende via ein server i Tyskland, men at avsendaren nok var mykje nærare.

  • Uklart når LA-skular opnar igjen

    Skulane i Los Angeles-området vil ikkje opne igjen før vi er trygge på at elelvane er trygge der, seier ein tenestemann til CBS. Elevane får reise gratis med offentleg transport slik at dei kjem seg heim.

  • - Skuletruslane kom frå utlandet

    Polititenestemenn i Los Angeles seier at skuletruslane kom frå utlandet, og at truslane var retta mot fleire namngitte skular, melder ABC7 Los Angeles. CBS melder at truslane kom frå ei IP-adresse i Frankfurt i Tyskland.

Webvid29 HD Verden (uten redundans)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no