Hopp til innhold

Statleg nyheitsbyrå i Iran: Fire drepne og 61 skadde etter brann i fengsel

Det er nyheitsbyrået Reuters som siterer det statlege nyheitsbyrået i Iran.

Dei drepne og skadde var innsette i fengselet.

Evin-fengselet i hovudstaden Teheran tok fyr natt til søndag. Videoopptak syner at det blei skote objekt utanfrå og inn mot fengselet.

Ei rekke politiske fangar er fengsla i Evin. Meldingar tyder på at mange av dei som er arrestert i samband med demonstrasjonar dei siste vekene er sendt til dette fengselet.

Dei første meldingane frå iranske medium var at det ikkje var nokon drepne etter brannen.

Brann evin

Brann og skyting ved Evin-fengselet i Iran

Minst fire innsatte omkom og 61 er skadd etter at det brøt ut brann og skyting i fengselet Evin i Teheran lørdag kveld. Protester i solidaritet med de innsatte fortsatte utover natten.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no