Hopp til innhold

Sri Lankas president vil senda avskjedsbrev i dag

Sri Lankas president Gotabaya Rajapaksa, som flykta frå landet tidlegare i dag, har fortalt parlamentspresidenten at han vil senda sitt oppseiingsbrev seinare i dag, melder Reuters.

President Rajapaksa har tidlegare lova at han vil gå av onsdag. Landet si nasjonalforsamling skal velja ny president 20. juli.

– Eg appellerer til folket om å ha tillit til
den parlamentariske prosessen me har skissert for å utnemna ein ny president den 20. og vera fredelege, sa parlamentspresident Mahinda Yapa Abeywardena i eit videoutsegn.

Fristen for å nominera kandidatar til presidentstillinga er sett til tysdag neste veke.

Sri Lanka opplever for tida den verste økonomiske krisa sidan sjølvstendet i 1948, og har erklært unntakstilstand etter store protestar frå folket. Onsdag storma demonstrantar statsministeren Ranil Wickremesingshes sitt kontor, like etter det blei klart at han fekk fullmakt til å utføra presidenten sine oppgåver.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no