Hopp til innhold

Spanske medium: Brevbombene var heimelaga

Dei seks brevbombene som er sendt til ambassadar, politikarar og ein flyvåpenbase i Spania var heimelaga, ifølge spanske medium.

Ingen har så langt teke ansvar for bombene, men valet av mottakarar har skapt mistanke om at det kan vere knytt til Spanias støtte til Ukraina i krigen mot Russland.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no