Hopp til innhold

Spania skjerpar tryggleiken rundt offentlege bygg

Innanriksministeren i Spania seier dei vil styrke tryggleiken rundt offentlege bygg etter fleire funn av brevbomber.

Onsdag blei ei tryggingsvakt i den ukrainske ambassaden lettare skadd då han opna eit brev som viste seg å vere ei brevbombe.

Også ein våpenprodusent fekk ein pakke med sprengladning onsdag.

Torsdag blei det også funne ei brevbombe ved ein flyvåpenbase, og det spanske forsvarsdepartementet fekk også ein pakke som kan vere ei brevbombe, skriv avisa El Mundo.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no