Hopp til innhold

Sør-Afrika avviser Trump-toll

Sør-Afrika har reagert på brevet frå USAs president Donald Trump, der han varslar ein 30 prosent toll på alle varer frå Sør-Afrika frå og med 1. august.

– Dette er ikkje ei korrekt framstilling av tilgjengelege handelsdata, heiter det i uttalen frå det sørafrikanske presidentkontoret på X.

Trump grunngjev tollen med det han meiner er ein ubalansert handel mellom landa.

Ifølgje US Trade Representative eksporterte Sør-Afrika varer til USA for rundt 10 milliardar dollar i 2024, medan USA eksporterte varer til Sør-Afrika for om lag 5 milliardar dollar. Altså kjøpte USA dobbelt så mykje som dei selde.

I tillegg til Sør-Afrika har Trump sendt tollbrev til fleire andre land mellom anna Japan og Sør-Korea.

Måndag kveld opplyste næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) til NRK at Noreg har ikkje fått eit tollbrev endå.

Trump kunngjer ein ny stor tollpakke til fleire land

Måndag kunngjorde Donald Trump at USA påfører opp til 40 prosent toll på varer frå 14 land.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no