Hundrevis demonstrerte i Beirut
Hundrevis av libanesiske demonstrantar tok seg søndag gjennom ei barrikade som tryggingsstyrkane i landet hadde sett opp, og marsjerte mot parlamentsbygget. Landet har sett ei rekkje demonstrasjonar den siste tida, som starta med ei søppelkrise.