Skyting under presidentens gravferd

Fleire skot skal ha blitt fyrt av like ved gravferda til Haitis tidlegare president Jovenel Moïse i byen Cap-Haitien. Det seier vitne som Reuters har snakka med.

Mange av dei som deltok på gravferda flykta vekk frå staden, mellom anna folk frå den amerikanske ambassaden. Det er ikkje meldt om personskadar.

Moïse blei drepen i sin eigen heim 7. juni av ei gruppe utanlandske leigesoldatar. Det har vore demonstrasjonar i byen i heile dag. Politiet skal også ha brukt tåregass på demonstrantane.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no