Hopp til innhold

Skyting i Russland

Ein person har losna skot ved eit universitet i byen Perm i Russland, melder Reuters, som siterer nyheitsbyrået Interfax.

Russiske medium seier minst tre personar er døde, melder Reuters.

Universitetets presseteneste seier at fire personar er såra, og at studentar og lærar har låst seg inne i klasseromma.

Opptak frå overvakingskamera viser at folk har hoppa ut av vindauga for å flykte frå bygget.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no