Hopp til innhold

Skulane kan bli mobilfrie allereie over nyttår

Allereie over nyttår kan dei norske skulane bli mobilfrie, opplyser kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun til NRK.

I førsteomgang er det ikkje snakk om eit forbod. Det vil ta for lang tid å få på plass. Å gje ei tydeleg anbefaling kan gjerast langt raskare, seier Nordtun.

– Inntil to til tre månadar er målet, seier ho.

Kunnskapsministeren peikar på at mobilen påverkar dei faglege resultata negativt og fører til utanforskap og mobbing.

– Målet er at me får bukt med dette og ser på restriksjonar knytt til mobilbruken i skulekvardagen, seier ho.

Fredag blei det kjent at den ferske statsråden har bestilt det som skal bli «ei tydeleg anbefaling» til skulane om å vera mobilfrie. Det er Utdanningsdirektoratet som har fått i oppgåve å utarbeida anbefalinga.

Det var Dagbladet som først omtalte dette.

Skjerm eller skjerme

Hyllar kunnskapsministeren som vil ha mobilfri skule

Allereie over nyttår kan dei norske skulane bli mobilfrie. Skjermskeptikar Live Nelvik jublar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no